Hei!
Me er to jenter på 19 år, som skal reise jorda rundt. Me dreg 6. januar og kjem tilbake 24. april. Her kan de følgje oss på turen, og me skal prøve å oppdatere så ofte som mogleg.
Reiseruta vår er Kenya, India, Kina, New Zealand, Samoa, Australia, Los Angeles og Brasil. Me gler oss!



Arkiv


Kategorier


Siste innlegg


Annonser








Funfacts frå Kina

I Kina opplevde me mykje morsomt, eller alt var ikkje like morsom, så kanskje me bør heller sei spesielt. Her kjem eit lite knippe ulike hendingar, som me mest sannsynleg ikkje hadde fått i Noreg.

  • Me var på PizzaHut, 10 stk, og skulle ete pizza. Pizzane var ikkje særleg store, så me bestilte ein kvar. Dama som serverte oss, vart seriøst sjokka over kor mykje mat me skulle ha. Allereie då me hadde bestilt fire stykk, spurde ho oss med store auge "Four pizza?!"
    På bordet ved sidan av oss, sat ein mann og ei dame og delte EIN pastarett!

  • Valentines Day er veldig stort her, blomster, hjerter og bamsar over alt. Du kan til og med kjøpe ein bukett av bamsar. Spørst kor fint det eigentleg er...

  • Lady Gaga er også veldig stor, så i staden for "Oh my Gad!", seier dei "Oh my Lady Gaga!" Haha, kjempemorsomt!

  • Me er blitt veldig flinke til å prute, uansett kor låg pris du vil ha det for, er det berre å stå på sitt. Ei dame utafor hotellet vårt ville selje oss eit skjerf, og utan at me verken hadde sagt me ville ha det eller prøvde å prute, skulle me få det for 30 yuan i staden for 100 yuan! Ho var craaazy!

  • Kinesarane et ALT! Det er ein kinesisk vits at kinesarane et alt på fire bein, unntatt bord, og alt som flyg, unntatt fly. Ein gong fekk me servert kylling, alt frå hovudet, beina og sjølve magen. Ousj! 

  • Det er heilt normalt å gå på do utan å late igjen døra si. Fleire gonger me har trudd det var ledig, og plutseleg sit nokon og tissar der. Dei er i alle fall ikkje flaue...

  • På eine flyplassen me var på var Evelinn på do, og inne på doen står det ei dame og spyr i vasken. Ho vurderte ikkje å spy i ein do i staden for?

  • På den same flyplassen var det ei lita jente som hadde ei bukse med opning i rumpa. Og plutseleg sat ho seg tvert ned på golvet og tissa! Det var ingen som brydde seg, og heller ingen som tørka opp.

  • Og den siste og verste, ei dame sat seg ned på fortauet midt i byen og BÆSJA! Noko så grusomt ekkelt! Heldigvis var det ikkje me som såg dette, og det er me glade for!
     

Kina...

Noreg <3

Me er ganske glade for at me bur i Noreg me!






  

Marte♥
Så kult da :)
23.feb.2012, 12:54
URL: http://ninniz.blogg.no
mamma Mette
Det er godt de ser kor godt me har det i Norge. Me er heldige. Håpar de får det fint i New Zealand. Køyr øye forsiktig. Klem
23.feb.2012, 21:10
Åsa
Hahaha, so ekle dei e i Kina! Skjer me da sista punkte!?!? :P ÆSJ!

Herregud, eg kjeda meg her heima, kom heim snart:))) eg ha såtte heima heile vekao og skreve pao oppgåve pao skulen:P
24.feb.2012, 10:47
Birte:):)
Haha, di faor no sjao mykje løge!:) No e eg nettopp heimkommen, gleda emg te å sjao dikka! Å kos dikka viare jente:)
26.feb.2012, 00:33
Aslaug :)
HAHAHAH eg lo!! Kinesarane e jo ikkje kloke!!
26.feb.2012, 13:08



Navn:

E-mail:
        
Blogg:
        
Kommentar:



hits