Hei!
Me er to jenter på 19 år, som skal reise jorda rundt. Me dreg 6. januar og kjem tilbake 24. april. Her kan de følgje oss på turen, og me skal prøve å oppdatere så ofte som mogleg.
Reiseruta vår er Kenya, India, Kina, New Zealand, Samoa, Australia, Los Angeles og Brasil. Me gler oss!


Arkiv


Kategorier


Siste innlegg


Annonser








Eit eventyr

Heihei!

No har me hatt 2 veker med sol og strandliv her i Rio de Janeiro. Dei par siste dagane har det vore overskya og regna, men me er ganske leie av å sole oss no, så det har vore heilt greitt. Brasilianarane har forresten veldig lite klede på seg på stranda, det går stort sett i badebukser og bittesmå bikinitruser.

Copacabana frå takterassen på hotellet vårt.

Eit bilde seier meir enn tusen ord.... Haha!



Me har sjølvsagt sett Jesusstauten og vore på Sukkertoppen. To flotte plassar å besøke her i Rio.

Utsikt mot Copacabana frå Sukkertoppen.



Elles har det vore nokre avslappande veker. Me har budd både på hostell og hotell, eine hostellet låg i favelaen som er slumområda her i Rio. Favelaen ligg i bratte skråningar i kantane av byen, masse hus tett i tett! Ganske interessant!



På onsdag vart Evelinn 20, så dette måtte feirast med ein betre middag og dessert. (Ikkje at dette er einaste gongen me har ete på restaurant men...)

Og heilt til slutt:

No reiser flyet vårt om 4 timar! Det er rart å tenkje på at me faktisk skal heim igjen denne gongen! Men me gledar oss kjempemykje! Trur begge har reist ifrå seg for ei stund no, så det skal bli utruleg godt å komme heim igjen. Me har hatt ein nydeleg tur, og fått opplevd utruleg mykje! Verkeleg ei oppleving for livet! Me er takknemmelege for å ha moglegheiten til å leggje ut på ei slik reise. Eit EVENTYR!




1 Kommentarer






Party in the USA

Me landa på flyplassen i Los Angeles søndag, og møtte Miriam, vertsmora til Dagfrid. Det me ikkje visste var at Kiana, vertssøstera, også skulle vere med, så augene til Dagfrid var svært store då ho fekk auge på Kiana. For Dagfrid var det utruleg kjekt å sjå igjen familien sin etter nesten to år, og Evelinn tykte sjølvsagt det koseleg å få møte dei!

Sidan me kun hadde ei veke i USA, og hadde mykje å rekke over, bar det av garde til Universal Studios allereie måndagsmorgon. Her fekk me sjå korleis dei laga ulike effektar i filmar, for eksempel regn, hav, flystyrt og eksplosjonar, og me fekk til og med sjå ein flom som kom nedover ei gate. Me fekk sjå korleis dei sprengte bilar i lufta, og dei brukte faktisk ekte flammar! I tillegg såg me ulike filmsettingar og sjølvaste Wisteria Lane! Dessverre så hadde dei innspeling i Wisteria Lane denne dagen, så me fekk ikkje komme inn i sjølve gata, men det var ganske kult at "Fruene" faktisk var rett bakom husa me køyrde forbi.


Wisteria Lane!



Hehe, skummel hai!





Det var mange karusellar og andre morosame saker i Universal Studios, så det var mykje både å sjå og gjere. I tillegg var det også mange filmfigurar som gjekk rundt, og desse måtte me sjølvsagt ta bilde ilag med. Me har funne ut at til lenger me har vore på tur, så bryr me oss mindre og mindre om kva andre tykkjer om oss, og dette har ført til noko barnsleg oppførsel til tider... eller ganske ofte. Så det er kanskje like greitt at me kjem heim igjen snart.







Tysdag reiste me til Disneyland, og noko av det første me gjorde var å kjøpe oss MinniMus-øyrer, som me gjekk med heile dagen. Disneyland var delt opp i seks delar med alt frå prinsesser til verdsrommet og MikkeMus-landsby. I MikkeMus-landsbyen såg alt ut som om det var teke rett ut frå ein teikneserie. Fargerike hus, små vindauge og skeive veggar. Du gjekk rundt og følte du var ein del av landsbyen. Faktisk veldig imponerande!


Her var det også ulike karusellar og sånt ein kunne prøve, og me reiste på alt som såg morsamt ut og litt til. Eine berg- og dalbana me tok, føregjekk i eit heilt svart rom, men med masse små lysande prikkar, slik at det altså likna på verdsrommet. Var rart å suse rundt i slike omgivnader. Me hadde det kjekt i Disneyland, men trur det hadde vore endå betre dersom me hadde vore nokre år yngre.

Onsdag bar det av garde til Las Vegas! Miriam hadde booka to neter på hotellet New York New York, og her storkoste me oss! Hotellet var enormt, og det var tillaga som om me opphaldt oss i New York. Inni hadde det små ?gater? med restaurantar, kafear og butikkar, eit stort kasino og ei berg- og dalbane!





Me var også innom eit par andre hotell, Paris og Venezia, og her hadde dei Eiffeltårnet, båttur med gondolar og eit tak som såg ut som himmelen. Det var ganske så imponerande å sjå! Og dei som sat og spelte på alle kasinoa me gjekk forbi, var stort sett eldre damer med eit glas i handa og ein røyk i kjeften.






Dette er vel det me kan kalle Las Vegas i eit nøtteskal. Me likte det, og kan godt reise tilbake etter me har fylt 21!
Nokon som slenger seg med?

I tillegg reiste me til naturreservatet Red Rock Canyon medan me var i Vegas. Dette besto hovudsakleg av nokre raude fjell og litt sånt, men det var kjekt å få sjå den ?typiske? utmarka i Amerika. Aude og tørt landskap med ein kaktus her og der, akkurat som på cowboyfilmar!







Elles så gjorde me ikkje så mykje i Vegas, me såg oss rundt om i ?The Strip? som hovudgata blir kalla, og var innom ein og anna butikk. Og me åt påskemiddag, ein svær buffet med kjempemasse god mat! Me hadde nokre veldig fine dagar, og det var veldig kjekt at Miriam og Kiana ville møte oss!



Fredag flaug me tilbake til LA, me reiste til hotellet me hadde booka, som låg midt i Hollywood Boulevard, eit steinkast frå Walk of Fame. Her fekk me den beste senga me nokon gong har prøvd! Den var så mjuk på ein heilt spesiell måte, nesten som ei vannseng, berre mykje mykje betre! Me tok sjølvsagt nokre bilete med stjernene, men det var så ekstremt mange at det var begrensa kor lenge me gjekk og såg på dei.



Me naut dei siste dagane med shopping i USA, det er tross alt veldig billig her i forhold til Noreg! Einaste problemet var at sekkane våre begynte å bli fulle, veldig fulle! Difor tenkte me at det luraste var å sende heim ein liten ladning. Dessverre var postkontoret stengt, og det hadde blitt ufatteleg dyrt dersom me skulle sendt det frå hotellet, så einaste løysning var.... me måtte kjøpe oss ein koffert! De treng ikkje kommentere det, me veit me er verdas dårlegaste backpackarar!



3 Kommentarer






Ein sniktitt

Kjem straks innlegg frå USA. Kos dykk med eit bilde frå Disneyland medan de ventar!






0 Kommentarer






Jeffrey Campbell

Me kjøpte jo Jeffrey Campbell i New Zeland. Det har ikkje vore dei enklaste skoa å frakte med seg i sekken, men me har tru på at dei er verdt det! Her er nokre bilder av kva sko me kjøpte. Me er strålande fornøgde begge to!

Evelinn: Foxy Spike


Dagfrid: Lita Taupe

 



2 Kommentarer






Kenguru og koala

Så kjem endeleg oppdateringa frå Australia. Me ligg visst litt etter her...

Tidleg om morgonen måndag 20. mars landa flyet vårt i Sydney. Me var daudtrøytte etter all flyginga midt på natta, så me bestemte oss for å ta oss ein liten kvil. Den vart nett ikkje så liten som me hadde trudd! Me sovna om lag halv 12 på føremiddagen, og sjølv om me var litt vakne inni mellom, så vakna me ikkje skikkeleg før halv 7 neste morgon! Omtrent 18 timar med søvn med andre ord! Utruleg godt gjort at det i heile teke er mogleg. Me var i alle fall opplagde til ein lang dag med køyring.

Me hadde nemleg leigd campingbil, og bestemt oss for å først køyre til Brisbane så fort som mogleg, for så å "sjekke ut" Australia på vegen ned att til Sydney. Det vart masse køyring tysdagen og det høljeregna heilt grusomt, så til slutt var me så trøytte at me parkerte på ein liten gratis rasteplass og sov der for natta. Toaletta her var ikkje dei beste, masse krypdyr og ingen lås eller såpe, så det var eit syn når Dagfrid kom inn att i bilen med ei åme som kravla oppover foten hennas. Ho gjekk ikkje på do igjen for å sei det slik. Evelinn hadde også eit eller anna flygande insekt i håret, men tok det hakket roligare.

Midt på onsdagen kom me fram til Brisbane. Me hadde køyrt oss feil litt her og der, noko som me også gjorde då me kom til Brisbane, men det hjelper alltid å spørje seg fram. Masse hyggelege folk som vil hjelpe til! Noko som irriterte oss veldig var at bilen var 2,7 meter høg, noko som betydde at me ikkje kom inn i eit einaste parkeringshus, og fann heller ikkje noko anna plass å parkere i meir enn ein time. Dette førte til eit par parkeringsbøter (ops), men pyttpytt, det slikt som skjer!

I Brisbane visste me ikkje kva me skulle gjere, så me gjorde ikkje så mykje heller, anna enn at Evelinn var til frisøren og fekk fiksa håret sitt (det trengdes), og me var på ein koseleg restaurant. Skal innrømme at me var litt krye då me bestilte øl, og dei ikkje ein gong spurde etter legitimasjonen vår!

Me bestilte forresten både forrestt og hovudrett, noko som vart i meste laget, men me tok med restane heim. Graskarsuppen var heilt vidunderleg god!


Fredag for me av garde til Surfers Paradise, ein god time frå Brisbane. Og for ein hyggeleg, liten by! Koselege små gater og nydeleg ver. Fredagskvelden reiste me på Infinity, eit morohus med masse laserar, speglar, lys, trådar, ballar og masse anna morsomt! Høyrest ut som det var noko for små ungar, og det var det kanskje også, men me tykte no det var veldig kjekt! Etterpå var me også i eit spøkelseshus, som var temmeleg skuffande, ikkje ein gong Dagfrid vart redd. Utanom heilt på slutten då det kom ein "hai" og angreip oss. Dette vart det teke bilde av, og de skulle sett ansiktsuttrykket til Dagfrid! Ler av berre tanken, haha! Elles var me sjølvsagt innom eit par klesbutikkar her og der, så me fann oss nokre skattar.
På campingen vår møtte me også ein gjeng aussiar frå Brisbane, som hadde ei helg i Surfers Paradise for å feire bursdagen til ho eine. Me vart hengande ein del ilag med dei om kveldane, og det var veldig koseleg!

Laurdag reiste me til Currumbin Wildlife Park, kor dei hadde både kenguru og koala. Dette er tross alt ein "must see" i Australia. Koalane var litt kjedelege der dei sat i tretoppen og sov, eller rett å slett stirra inn i greina føre seg. Merkelege dyr! Men kenguruane var veldig kjekke! Me fekk gå nærma dei, klappe dei og mate dei om me ville. Evelinn fekk til og med klem av eine kenguruen, morsomt! Dei var veldig rolege, og hadde kjempemjuk pels.









Elles såg me også eit fugleshow, som var overraskande bra. Me fekk sjå fuglar som kasta papir i bosskorga, fanga mat i lufta, og til og med opna eit egg ved hjelp av å kaste ein stein på det! Imponerande! Skulle ikkje tru fuglar kunne vere så intelligente.

Og det skjedde ein liten ting til då me var i dyreparken: Me skulle sjå fugleshowet som begynte klokka to, og sat snuten mot der det skulle føregå. Me spurde ein mann om det var rett retning, og det var det sa han, men det begynte ikkje før klokka to. Me vart litt forvirra av dette sidan klokka allereie var fire minuttar på to, og me trudde me hadde litt knapt med tid. Då forklarte mannen at i Queensland brukte dei ikkje sommar- og vinterstid, og dei låg difor ein time bak resten av Australia. Dette fann me altså ut etter FEM DAGAR i Queensland. Me har i alle fall hatt eit avslappa forhold til klokka!

Søndag ville me vidare til Byron Bay, men først reiste me på kvalsafari. Dessverre fekk ikkje me sjå noko kval, men det var ein fin båttur med snorkling, bading og soling. Me fekk mate fiskane med brød, og dei snappa brødet rett ut av handa di. Morsom opplevelse! Til slutt fekk me ein nydeleg lunsj på båten med reker, kylling, pasta bollar og salat. Namnam!


Surfers Paradise.

Om kvelden kom me fram til Byron Bay, og fekk sjekka inn på ein camping. Etter det me fekk sjå, såg det ut som ein koseleg, liten plass. Me hadde ikkje planlagt noko, men fann ut at me ville reise på kayakpadling på måndagen. Og det gjorde me! Til tross for at me aldri har padla gjennom bølger før (har vel stort sett berre padla litt på Dalavatnet), så gjekk det overraskande fint! Me var ein heil gjeng som skulle av garde, og det var steikande sol. Ein perfekt dag med andre ord! Og me fekk også sjå litt av kvart på turen vår, både store og små skilpadder, masse fisk og til og med ein HAI som sømde rett under kayaken vår! Så fekk dei som ville uti vatnet å snorkle, Evelinn såg ei skilpadde heilt nærme, nesten slik at ho kunne ta på ho. Men plutseleg forsvann skilpadda, overraskande kor fort dei kan symje! Me fekk surfe inn att på bølgjene, men på grunn av litt lite kontroll velta kayaken vår, det var uansett veldig morsomt!









Etter Byron Bay, bar det av garde til Port Stephens. Me hadde lest i eit par brosjyrar om denne plassen, og det høyrdest veldig fint ut. Det var ein lang køyretur på om lag 8 timar, og Dagfrid køyrde heile vegen, medan Evelinn stort sett sov. Me kom fram seint på kvelden, så me overnatta utanfor ein campingplass, før me neste morgon fekk bestille oss ei ekstra natt. Etterpå fann me ut at Port Stephens heller var ein ganske daud plass. Nesten ingenting som skjedde, og stort sett kun eldre menneske og kafear. Det mest spennande som skjedde må vere den eldre dama som campa ved sidan av oss, og som taut i eit sett! Og når ho ikkje snakka til oss, så snakka ho til hunden sin. Me hadde no underholdning, sjølv om ho snakka så fort at me ikkje forsto halvparten av det ho sa. Og sjølv om det ikkje var mykje å finne på, hadde me ein fin og avslappande dag på stranda.

Dette var tydlegvis einaste bilde me hadde frå Port Stephens, seier vel litt.



Siste destinasjon i Australia vart Newcastle, som me ved eit uhell hadde køyrt innom på turen mot Brisbane. Me gjorde ikkje stort anna enn å sjå litt rundt i byen, før me reiste heim, lagde oss ein god pastamiddag til kvelds og såg Rainman på dataen. Campinglivet er faktisk ikkje så aller verst.

Så kom fredag og det var på tide å snu nasen mot Sydney, så me fekk levere leigebilen før klokka tre. Det gjekk raskt og fint å finne fram, me fann ut at det absolutt beste var om Dagfrid køyrde og Evelinn las kartet. Godt så lenge ein finn løysningar! Då me skulle vaske bilen før levering, møtte me ein veldig teit mann. Han jobba på bilvasken, og skulle vaske bilen, men i staden for å forklare noko om dei ulike vaskane, begynte han å mase om ein anna bilvask me kunne reise til. Me skjønte ikkje kvifor han snakka om dette, og vart veldig forvirra. Så seier han jammen "You don't understand english!" med sur stemme på gebrokkent engelsk. Då var det to stykk som vart irriterte, og forklarte fint at me skulle ha den billigaste vasken med ein gong. Ufin fyr!

I Sydney fann me fort fram til eit hostell, og det var utruleg koseleg! Det var så romsleg og lyst, så det må vere det beste me har budd på så langt. Me tok oss ein runde i Sydney, såg oss litt rundt omkring og handla litt. Laurdagen gjorde me mykje det same, i tillegg til at me såg Operahuset og Harbour Bridge. Om kvelden var det Earth Hour klokka halv ni, og dette hadde me gledd oss masse til! Me hadde sett føre oss at i ein storby som Sydney, kom me til å sjå masse lys som vart sløkt på ein gong. Men der tok me feil! Einaste me kunne sjå som vart sløkt var Operahuset og Harbour Bridge, og dei sløkkte seg ikkje samtidig ein gong. Skuffande!

Men me fekk i alle fall nokre fine bilder frå Sydney. Etter det me såg, var det absolutt ein fin by!

Og slik som alle seriøse bloggarar åt me sushi til lunsj. Veldig godt!







Dette var siste kvelden i Australia, og sjølv om me gjerne kunne vore litt lenger, hadde me ei veldig fin tid!

 



3 Kommentarer






Smellvakre Samoa #2

Her er andre og siste del frå Samoa:

På torsdag reiste me som sagt til Savai'i. Me måtte ta ferje over, for så å ta buss til Tanu Beach Fales, kor me hadde bestemt at me skulle vere. Bussen var heilt stappfull, det var trebenkar å sitte på og me måtte stoppe fleire gonger for å fylle på vatn på bussen. Ikkje akkurat topp standard, men det var ein interessant opplevelse! Det er også veldig vanleg at bussane og taxiane har full guffe på musikkannlegget sitt heile tida. Taxiane me tok på Samoa hadde minst 10 speglar rundt omkring inni bilen, pels på dashbordet, hatthylla og rattet, og elles pimpa med diverse saker. Ganske spesielt for å sei det slik!

Planen var eigentleg at både me, Antje, Felix, Tom og Wolfgang skulle reise ilag til Savai'i, men Antje følte seg ikkje i form torsdagen, så det vart til at kun me to reiste, og resten ville heller koma neste dag.

Slitne jenter på ferja.



Me kom fram til Tanu i halv fem tida, tok oss eit bad, åt middag og gjekk til sengs. Me var så trøytte etter nokre seine kveldar på Taufua, at me fann ut me like godt kunne leggje oss.

Fredagen var nydeleg med strålande sol og knallblå himmel! Me kjøpte øl og låg på stranda heile dagen. Det var så steikande heitt at me måtte ut i vatnet og dyppe oss kvart femte minutt, minst! Men me skal ikkje klage. Trur det var enda finare her enn kva det var på Taufua, og det skal godt gjerast!

IDYLL







Utover dagen vart me veldig rastlause. Resten hadde ikkje dukka opp, og det var altfor varmt til å liggje på stranda, så me "spådde" kvarandre. Veit ikkje kor normalt dette er å finne på men... Og me begynte å bli litt engstelege for at resten ikkje skulle dukke opp.



Men til slutt kom resten av gjengen! Me tok oss eit bad, før det var middag og litt øl. Me hadde planar om å gå på ein bar i nærleiken, men då me kom der, var den stengt, så me hadde ikkje noko anna valg enn å gå tilbake. Heldigvis fekk me lov å hamstre øl frå resepsjonen, så kvelden var redda. Me spelte nokre morsomme drikkeleikar, og vart også kjend med Felix 2 frå Tyskland og Jakob frå Sveits.

Dagfrid prøvde tydlegvis å vere kveldens pimp.

Og me lærte vekk korleis ein lagar tuttifrutti-fjes. Søtt!

Laurdag må vere turens slappaste dag! Me la oss seint fredagen, så alle var veldig trøytte og Tom hadde tidenes hangover! Me gløymer ikkje synet då han til slutt dukka opp ved frukosten, og sa til oss med truande stemme "Don't say anything..!!" Hahaha!

Alle saman låg stort sett å slebba seg i falene, las eller sov. Og Tom var snill og gav ut massasje til alle som ville ha. Om kvelden gjekk me på ein bar, tok nokre øl og spelte litt biliard.





Japanesaren i midten vart me eigentleg ikkje kjend med, men han slo seg med oss.



Er det lov å seie at Antje ser proffare ut på bilete, enn det ho faktisk var? Haha.



Søndag var det dessverre tid for avreise, noko som var utruleg trist. Me hadde hatt det så kjekt på Samoa, at me godt kunne ha vore der lenger. Tilfeldigvis skulle både me og Felix på same fly til Auckland, så det var kjekt med selskap på reisa. Søndagar er kviledagar på Samoa, og dette er noko som betyr mykje for dei innfødde. For oss som skulle ta fly klokka 2 natt til måndag var ikkje dette spesielt praktisk, sidan siste ferja mellom Savai'i og Upoulu gjekk klokka 2 om dagen. Noko som betydde om lag 10 timar venting for oss.

Me sa hadet til Antje, Tom og Wolfgang, og reiste frå Tanu i tolvtida. Det høljeregna, så flaks for oss at regnet kom på avreisedagen. I firetida var tre svoltne barn komme fram til flyplassen og hadde planar om å ete middag. Det var verre sagt enn gjort. Einaste butikken som var open på flyplassen var ein liten kiosk som solgte litt sjokolade og brødfruktchips. Me fekk stoppa den verste svolten, og sat oss til å vente. Etter eit par timar var me temmeleg leie, så Dagfrid vart kreativ og tok nokre bilder:





Og ein bitteliten flyplass.



Plutseleg stod det ein mann ved sidan av oss, og spurde oss kva fly me skulle ta. Han kom som sendt frå himmelen for då han høyrde kor lenge me måtte vente, tykte han så synd på oss, at han tilbaud seg å køyre oss til ein resport i nærleiken. Utruleg snilt! På resorten fekk me kjøpe mat og øl, så me sat oss på stranda og slappa av heilt til me måtte reise tilbake til flyplassen. Ein veldig koseleg kveld, og me er evig takknemmelege for at me slapp å vente på flyplassen!









Flyet vårt frå Samoa til Auckland var over ein time forsinka, noko som stressa oss litt. Me hadde tross alt kun to timars mellomlanding, før me skulle vidare til Sydney, og me hadde ikkje særleg lyst å måtte vente timasvis i Auckland på eit nytt fly midt på natta. På flyplassen tok me farvel med Felix, før me sprang av garde. Heldigvis for oss fekk me gå gjennom ein spesial-sikkerheitskontroll, slik at me slapp all ventinga. Me rakk flyet, og det bar av gårde til AUSTRALIA!



8 Kommentarer






Smellvakre Samoa #1

Livet i Samoa har vore PARADIS! Me har hatt det heilt fantastisk fint!


Varmen, og ikkje minst luftfuktigheiten, slo imot oss i det me steig ut av flyet og ned på samoansk jord. Det var midt på natta og 26 grader, så me tør ikkje ein gong tenkje på kor heitt det har vore midt på dagen i sola.

Noko som forvirra oss veldig då me ankom, var datoen og klokkeslettet! Me hadde så lite peiling at me måtte spørje to politimenn om kva dato det var, haha, dei har antakleg trudd me var veldig bortreist. Men grunnen til forvirringa var at på flyet opplyste dei om at me kryssa datolinja, og dette betydde jo at me skulle hoppe ein dag tilbake. Og i følgje telefonane våre skulle Samoa ligge 12 timar bak Noreg. Men dette stemde ikkje. Me hadde fått med oss at Samoa hoppa over 30. desember i 2011, men det me ikkje visste var at dette betydde at Samoa no ligg 13 timar foran Noreg, og ikkje 12 timar bak. Sjølv om det tok ei stund, fann me til slutt ut at det var fredag klokka 2 om natta.

Me hadde ikkje booka nokon plass å bu før laurdagen, så me gjekk til ein informasjonsskranke på flyplassen. Her sat det ei blid dame som sa me kunne få sove gratis av ho. Me var litt skeptiske i starten, men sidan me ikkje hadde så mykje anna valg, slo me oss med. Og det var ikkje dumt! Morgonen etter køyrde bror hennas oss til Lalumanu, slik at me kom oss til Taufua Beach Fales, kor me hadde booka dei fem første nettene på Samoa.




Taufua var paradis! Sol, saltvatn og strender så langt auga rakk! Kvar dag fekk me servert gratis frukost og middag på langbord ilag med resten av gjestene, og personalet var utruleg hyggelege. Laurdagskvelden var det FiaFia-night, kor dei lokale hadde danseoppvisning og flammeshow for oss, og me fekk også prøve å danse litt sjølve. Morsomt!





Elles hadde me nokre veldig rolege dagar! Tysdag drog me til ei lita øy i nærleiken for å snorkle. Her hadde dei levande korallrev og masse fiskar! Me såg både raude, gule, blå og grøne med mange forskjellige mønster. Det var også fullt av kråkebollar, sjøpøser og KNALLBLÅ sjøstjerner. Veldig morsomt å sjå!





Me fekk servert lunsj og mjølk rett frå kokosnøtta. Elles slappa me av i hengekøya, bada, las og sov litt. Veldig avslappande med andre ord!

Grunnen til at me reiste til denne øya for å snorkle, var fordi dei framleis hadde levande korallrev. Etter tsunamien i 2008, vart veldig mykje ute i havet øydelagt, og det var også mange på Samoa som døydde. Me kunne sjå graver stort sett over alt. Likevel hadde dei bygd opp att utruleg mykje, så du la ikkje merke til kor store øydeleggingar det hadde vore. Me snorkla også litt i havet utanfor der me budde, og det var veldig lett å sjå forskjellane.

Tysdag kom også Felix (21) frå Tyskland og Antje (30) frå Australia/Tyskland. Desse kjende ikkje kvarande frå før av, men me vart gode venner med begge to! Me vart også betre kjende med Otele som budde på Samoa og jobba litt på Taufua, og Carla, kjærasten hans frå Chile. Det var med andre ord ei lett blanding av folk! Me drakk øl på stranda og koste oss veldig!


Onsdag reiste me seks for å sjå nokre fossefall og eit vasshol. Utruleg idyllisk! Samoa er veldig frodigt, så det er mykje finare enn for eksempel eit typisk sydenland. Her var det tre, blomster og busker over alt! Me bada og åt lunsj ved vassholet, og dei tøffe gutane hoppa frå toppen av stigen som var 9-10 meter. Me fann ut at det var nok å halde seg nedi vatnet. Ein utruleg fin dag!

Gjengen foran eit av fossefalla. Otele, Felix, Evelinn, Carla, Dagfrid og Antje.



Vassholet var heilt nydeleg!





Om kvelden var det litt dans og musikk på Taufua, og me koste oss med øl og drinkar. Denne kvelden møtte me også Wolfgang (48) frå Tyskland og Tom (26) frå England. Kjempekjekke folk dette også, og ein strålande kveld!

Felix, Tom, Dagfrid, Otele, Carla, Poser1, Wolfgang, Poser2 og Antje. Grunnen til Poser1 og Poser2 fekk navna sine var fordi dei stod heile dagen og tok bileter av kvarandre i vatnet. Dei dyppa seg til og med før bileta for å få "WetLooken". Spesielle gutar...


Blomsterbarn.


Poser1 og Poser2 drakk forresten ikkje, dei berre latar som.


Dette bilete er tatt seint på kvelden, slik at det er sagt...


Me hadde ei fantastisk tid på Taufua, men me bestemte oss for at skulle me dra vidare til Savai'i, den andre hovudøya på Samoa, på torsdag. Men dette kjem i neste innlegg, no er me trøytte.
Me er forresten komne til LA og har det kjempefint!



2 Kommentarer






Leggje inn bilder. Check!

Hei, hei!

No er me i Australia, og til tross for at me reiser til Los Angeles i morgon, har me endå ikkje oppdatert noko frå Samoa. Ja, me har litt dårleg samvittigheit, men me har hatt så dårleg nett, og då går det så treeegt. Men mest truleg kjem innlegget i morgon, så ver oppdatert!

Og no har me lagt inn bilder til alle innlegga frå New Zealand, så det er verdt å ta ein kikk på medan de ventar!



Og til slutt, ein liten sneak peak frå Samoa:






2 Kommentarer






Tøffe jenter

Me har nytt livet utan internett på Samoa, men no er me komne til Australia, så her kjem det endeleg ein ny oppdatering. Me må ta oppdateringane i rekkjefølgje, så Samoa kjem om ikkje lenge. Me lovar!

Raftinga me var på i Rotorua var heilt utruleg morosam! Me fekk både våtdrakter, hjelm og redningsvest så me var godt utstyrte. Me lære litt grunnleggande om kva me skulle gjere i ulike situasjonar, før det bar av garde. Me rafta ilag med fire vaksne, og sidan Dagfrid var ganske redd i begynninga og fortalde dei at Evelinn hadde ?tvunge ho med?, vart dei vaksne veldig beskyttande ovanfor Dagfrid. Han eine spurde til og med om ho trengde hjelp då ho skulle ta av seg skoa, haha!



Det var mange fossefall, og me måtte verkeleg padle hardt for at båten skulle gå rett veg. Me vart dyppa under vatnet fleire gonger, og i fossefallet på 7 meter, forsvann heile båten under vatnet. På slutten av fossefallet fall Dagfrid ut av båten, det gjekk så fort at ho rakk ikkje å tenkje, men smilet var på plass då ho dukka opp frå vatnet og forsto kva som nettopp hadde skjedd. Me hadde det utruleg kjekt, og kan godt gjere det igjen!







Etter raftinga drog me til Hahei, ein liten plass nordaust i New Zealand. Her var me på Hot Water Beach, kor me kunne grave ei grop i sanden for å finne varmt vatn. Me kjende om sanden var varm for å finne dei rette plassane å grave. Og vatnet me fann var gloheitt! Me brann oss dersom ikkje gropa vår fekk tilført noko kaldt vatn frå havet.

Legg merke til dei som slebbar seg med øl bak Dagfrid.



Etterpå drog me på ein båttur som me hadde booka. Det var kun oss to og ein sjåfør. Båten var ikkje særleg stor, men det var bølgjene. Båten humpa opp og ned heile tida, så det var ein ganske morosam tur! Me såg Cathedral Cove kor filmen Narnia: Prins Caspian har scener ifrå. Kult!

Dagfrid og ei random artig grotte.

Cathedral Cove.



Torsdag drog me tilbake til Auckland, etter litt fram og tilbake fann me endeleg fram til bilutleiga, og etter 45 min med buss (som skulle teke 5 min, men me visste ikkje kor me skulle gå av så me sat like gjerne på heile byrunden), fann me til slutt fram til hostellet. I Auckland gjorde me ikkje stort, men me kjøpte noko stort: Jeffrey Campbell! Jaja, me er backpackarar og reiser på budsjett, men nokre sjansar kan ein berre ikkje la gå ifrå ein. Det var kjærleik ved første blikk!

*Kjem bilde seinare*



10 Kommentarer






God natt

Eg hadde eigentleg planar om å lage eit blogginnlegg, men så var det så mykje anna så var interessant, og no er eg trøytt. Burde ha sove for lenge sidan. I morgon dreg me til Samoa. Me gledar oss kjempemasse! God natt frå Evelinn!

Det går framleis ikkje an å laste opp bilder. "Lei-av-dårleg-nett * 1000"



1 Kommentarer






Betre seint enn aldri

No er det ei stund sidan me har blogga, og me har gjort litt av kvart sidan sist. Så her kjem oppdatering frå ei veke i New Zealand. Betre seint enn aldri, ikkje sant?
PS1: Dette innlegget er skrive måndag 5. mars, men trur ikkje me får poste det i dag.
PS2: Framleis dårleg nett, så me oppdaterar innlegget MED bilder om nokre dagar.


Frå Auckland reiste me først til Waitomo, kor me besøkte Glowworm Caves og haldt på å dø av kulde om natta.

Inne i Glowworm Caves var taket akkurat som ein stjernehimmel! Lysande små prikkar over alt! Me trudde først at det var steinar eller noko, men etter kvart fekk me med oss at det var åmer med lysande magar! Utruleg kult og interessant. (Eller vitskapeleg interessant som Dagfrid vil seie.)

Det var ikkje lov å ta bilete inne i grottene på grunn av åmene, men fann eit bilete på Google. Og nei, bildet lyg ikkje, det var så fint!

Og eit bilde frå utgangen av grotta. Veldig spesielle tak og vegger.


Og ja, det har vore kaldt! Når me skal slå ut sengene i bilen, må me opne bagasjerommet og setje opp eit telt. Dette hadde ikkje vore noko problem, hadde det ikkje vore for kulden. Dei to første nettene var rett å slett grusomme! Evelinn vurderte å setje seg opp i sitjande stilling for å varme føtene sine medan ho sov, medan Dagfrid hadde funne ut at det stod mellom "Survive or Die", som ho sa.

Etter desse to nettene har me sove i framseta på bilen. Ikkje så veldig behageleg, men det er i alle fall varmare, spesielt etter at me kjøpte oss tepper og tøfler. Og med varmeapparatet på fullt før me skal leggje oss, klarar me oss bra. Sjølv om me ser fram til den dagen me får ei god seng å sove i!




Seint laurdagskvelden bestemte me oss for å reise til New Plymouth på søndag. Det har ofte blitt slik at me bestemmer oss i siste liten, truleg fordi ingen av oss giddar å tenkje på det før. New Plymouth er ein liten, fin by som ligg ved havet. Me hadde strålande sol, så på søndagskvelden gjekk me ein kjempefin tur på gangvegen langs strandlinja. Måndag solte me oss og grilla om kvelden. Skikkeleg sommarfølelse! Og Evelinn vart forresten veldig, veldig brent...





Eit stykk raudt fjes til høgre. Etter kvart flassa Evelinn i heile fjeset...



På tysdag drog me til Nelson, som ligg nord på sør-øya. Me måtte ta ferje frå nord til sør, og då me stod på ferjekaien å venta, hadde me kjølebagen vår kopla til bilen. Me trudde den kunne stå i ei lita stund utan at bilen var i gang, men der tok me feil. I det me skulle starte bilen kom det berre ein svak murring. Batteriet var flatt. Me hadde ikkje startkablar, så me gjekk å spurte ein arbeidsmann som såg snill ut. Og det var han jammen og! Han hadde ikkje startkablar sjølv, men spurte omtrent alle rundt oss. Til slutt kom dei to kameratane hans på at dei hadde eit batteri i bilen sin som dei kunne bruke. Og etter litt miksing og fiksing med tre stykk nedi panseret vårt, var bilen god som ny! Me skal ikkje klage!

På vegen til Nelson var det så flott at me måtte stoppe å ta eit bilete!



Og så kom me oss til Nelson, Evelinn hadde eigentleg planar om å hoppe i fallskjerm her, men det var dessverre for mykje vind. I staden gjekk me rundt i dei utruleg koselege gatene og drog til ei fin strand. Det var i kaldaste laget for å bade, men me vassa i alle fall. Og Dagfrid skremde måsar med stokken sin, haha!



Dagfrid og stokken.



Og ein dag fann me ut at me skulle farge håret vårt raudt, så då gjorde me det. (Også kjøpte me McFlurry.)

Fredagsmorgon allereie klokka halv sju drog me opp igjen mot nord til Taupo. Taupo er kjend for vulkanaktiviteten sin, så her besøkte me sjølvsagt eit vulkanområde med geysirar og boblande gjørme. Me fekk ikkje sjå nokre store utbrot her, men det var likevel veldig interessant! Heile området var veldig varmt på grunn av vulkanaktiviteten og det lukta ikkje særleg godt.





Evelinn hoppa også i strikk i Taupo! Ho fall 47 meter ned i ei elv, og vart også så vidt dyppa i vatnet. Det var eit utruleg kick, og blir nok ikkje siste gongen!


Til middag denne dagen laga me Butter Chicken og det vart nesten like godt som den me fekk i India, me mangla berre naan-brød. Så dette kjem me nok til å lage heime også!

Og når me snakkar om mat: Slik har frukosten vår stort sett vore i New Zealand. Enkelt, men koseleg!



Me fekk forresten ein venn her også. Ein katt! Me gav han litt fløyte og nokre skiver med skinke. Trur han vart veldig glad, Dagfrid likte det i alle fall.



Då me reiste frå Taupo på veg mot Rotorua, var me innom eit anna vulkanområde for å sjå eit utbrot frå Lady Knox Geysir som skjedde kvar dag kvart over ti. Me lurte veldig på korleis ein geysir kunne få utbrot til akkurat same tid kvar dag, men det viste seg at dei putta noko oppi geysiren som førte til utbrotet. Mykje meir forståeleg! Først begynte det å komme masse bobler og skumut av geysiren, før vatnet steig sakte oppover til om lag 15 meter på det høgste. Spennande å sjå!



Til tross for stoppet vårt var me komne fram til Rotorua allereie klokka 12 i går føremiddag, og me hadde heile dagen framfor oss. Dessverre hadde begge fryst og sove dårleg natta i førevegen, så med det same me kom fram sovna me begge i bilen. Me fekk lade opp att batteria, og på ettermiddagen reiste me for å prøve Zorb! Noko av det mest morsame me har gjort på heile turen! Ler av berre tanken! Zorb, eller Zydro som me gjorde, er ein aktivitet dei har funne opp her i New Zealand. Ein ligg inne i ein stor ball med litt vatn, og blir trilla ned ein bakke. Det var nesten som ei ekstrem vannsklie! Begge to kunne vere inne i same ball, og me lo hysterisk heile vegen! Haha, anbefalast til ALLE som har moglegheiten!

Me hadde ikkje bilete, men fann eit på Google. Me låg altså inni ein slik ball, medan me trilla ned bakken.

Me har hatt nokre dagar med regn og kulde, men nett dei siste dagane har det vore strålande sol, så i dag har me tatt livet med ro og sola oss på eit berg ved sjøen. Dei har forresten svarte svanar her i New Zealand, me visste ikkje at det fanst ein gong.



Planen for i dag var eigentleg at me skulle på rafting, men det var ingen andre som hadde booka same som me ville på, så me dreg i morgon i staden. Me har valt nivå 5 på "raftingskalaen", nivå 6 finst ikkje... I tillegg har løypa vår verdast største lovlege raftingfall på 7 meter! Me gledar oss, det kan bli veldig spennande!
 

Oppdatert: Me er framleis i live etter raftinga, ingen grunn til bekymring.



6 Kommentarer






Jenter med bil

Onsdagsmorgon landa flyet vårt i Auckland. Flyplassen var så næma havet, at Evelinn trudde ei stund me kom til å lande i vatnet! Me måtte igjennom ein del tryggingskontrollar, der me blant anna vart spurt om me hadde brukt skoa våre til gåturar(?), me svarte nei sjølv om det kanskje ikkje stemte heilt. Men hey, elles hadde me vel ikkje komme inn, så me hadde ikkje så mykje val.

Me virra litt rundt på flyplassen og hamstra brosjyrar og kart, før me fekk booka oss to netter på eit billig hostell sentralt i Auckland.




Det var eit veldig avslappande og koseleg hostell å bu på, til tross for at me budde på rom med seks andre personar. Allereie første kvelden vart me kjend med fire danske gutar som spurde om me ville vere med på bar-til-bar-runde. Me hadde eigentleg planar om å vere heime denne kvelden sidan me var så trøytte etter flyturen, men det høyrdest veldig kjekt ut, så me slo oss med! Me reiste ilag med ein del andre folk, så me var vel om lag 10 stk pluss to "leiarar". Veldig kjekt opplegg, og ein fin måte å bli kjend med nye folk!

Torsdag fann me ut at me ville leige oss bil, så fredagsmorgonen bar det av garde! Bilen er ein blanding av ein vanleg bil og ein campingbil, så den er liten, men me kan framleis sove i den. Veldig praktisk!





Bilen vår har automatgir, noko som skal vere veldig lett, men det blir noko merkeleg køyring til tider når ein leitar etter clutchen og girspaken som ikkje er der. Det går heilt greitt å køyre på venstre side, sjølv om me til tider må tenkje oss noko ekstra om. Så alt i alt går det veldig bra å ha bil, det har ikkje blitt nokre store feil enda i alle fall... om ein ser vekk frå fredagen då me skulle køyre ut frå bilutleiga. Bremsen på bilen tek ekstremt fort, i alle fall i forhold til kva Evelinn er vand med. Så dei første 20 metrane var litt (veldig) humpete, omtrent sånn "bump-bump-bump", kjempeflaut! Og det hjalp ikkje akkurat då fyren frå bilutleiga kom bort til oss og spurde "Do you know how to drive?" Ein slik augeblink du berre vil forsvinne i eit hol i bakken!

Men som sagt, elles går det veldig bra! Køyrer oss vekk litt her og der, men me har alltid komme oss på vegen igjen etter å ha spurt etter hjelp ein eller to eller tre gonger.



3 Kommentarer






Funfacts frå Kina

I Kina opplevde me mykje morsomt, eller alt var ikkje like morsom, så kanskje me bør heller sei spesielt. Her kjem eit lite knippe ulike hendingar, som me mest sannsynleg ikkje hadde fått i Noreg.

  • Me var på PizzaHut, 10 stk, og skulle ete pizza. Pizzane var ikkje særleg store, så me bestilte ein kvar. Dama som serverte oss, vart seriøst sjokka over kor mykje mat me skulle ha. Allereie då me hadde bestilt fire stykk, spurde ho oss med store auge "Four pizza?!"
    På bordet ved sidan av oss, sat ein mann og ei dame og delte EIN pastarett!

  • Valentines Day er veldig stort her, blomster, hjerter og bamsar over alt. Du kan til og med kjøpe ein bukett av bamsar. Spørst kor fint det eigentleg er...

  • Lady Gaga er også veldig stor, så i staden for "Oh my Gad!", seier dei "Oh my Lady Gaga!" Haha, kjempemorsomt!

  • Me er blitt veldig flinke til å prute, uansett kor låg pris du vil ha det for, er det berre å stå på sitt. Ei dame utafor hotellet vårt ville selje oss eit skjerf, og utan at me verken hadde sagt me ville ha det eller prøvde å prute, skulle me få det for 30 yuan i staden for 100 yuan! Ho var craaazy!

  • Kinesarane et ALT! Det er ein kinesisk vits at kinesarane et alt på fire bein, unntatt bord, og alt som flyg, unntatt fly. Ein gong fekk me servert kylling, alt frå hovudet, beina og sjølve magen. Ousj! 

  • Det er heilt normalt å gå på do utan å late igjen døra si. Fleire gonger me har trudd det var ledig, og plutseleg sit nokon og tissar der. Dei er i alle fall ikkje flaue...

  • På eine flyplassen me var på var Evelinn på do, og inne på doen står det ei dame og spyr i vasken. Ho vurderte ikkje å spy i ein do i staden for?

  • På den same flyplassen var det ei lita jente som hadde ei bukse med opning i rumpa. Og plutseleg sat ho seg tvert ned på golvet og tissa! Det var ingen som brydde seg, og heller ingen som tørka opp.

  • Og den siste og verste, ei dame sat seg ned på fortauet midt i byen og BÆSJA! Noko så grusomt ekkelt! Heldigvis var det ikkje me som såg dette, og det er me glade for!
     

Kina...

Noreg <3

Me er ganske glade for at me bur i Noreg me!



5 Kommentarer






Hong Kong

Etter ein laaang kø for å få krysse grensa frå Kina, kom me oss til siste stoppestad ilag med gruppa vår, HONG KONG! Verkeleg ein fin storby! På kvelden åt me på kinesisk sjømatrestaurant, det var godt, men me skal innrømme at me ikkje kjem til å sakne maten her. Kinesisk mat heime er mykje betre, haha! Etterpå reiste me til Hong Kong Harbour for å sjå eit lysshow. Koseleg kveld, og me fekk i nokre stilige bilete! Det var utruleg fin nattutsikt over Hong Kong Island, og me fekk sjå den tredje største bygningen i verda. 



Heile gjengen samla siste kvelden. 

Dagfrid, Evelinn, Anne, Marie, Kristine og Martine. Yey, me har fått oss venner! Trist å måtte reise kvar vår veg, men me møtest nok igjen!

Søndag møtte me igjen Elin. Veldig kjekt å sjå ho igjen enda ein gong! Me handla litt, åt is og reiste på restaurant og åt hamburger på kvelden, namnam!! Utruleg godt å ha Elin, som allereie var litt kjend i Hong Kong, til å vise oss litt rundt, så me ikkje surra oss vekk i ein slik storby.





I går hadde me vinkveld på hotellrommet, så me veit å kose oss! No i kveld klokka 19, reiser me til New Zealand. 11 timar med fly!! Kan ikkje akkurat sei me gledar oss, men håpar me får sove ein heil del.

Snakkast i New Zealand!



5 Kommentarer






Finn ein feil





3 Kommentarer






Terracotta Warriors

Måndag besøkte me Terracotta Warriors i Xian. Dette er steinskulpturar av kinesiske krigarar som vart bygd mellom år 246 og 208 f.Kr. Grunnen til at krigarane vart bygd var for å beskytte grava til keisararen Qin Shi Huangdi etter hans død. Nokre år sienare prøvde bønder som var misfornøydde med sonen til keisaren sitt styre, å øydeleggje krigarahæren. Dei knuste så og seie alle skulpturane og sat fyr på holromma dei var bygd i. For å beskytte grava til faren, bestemte sonen seg for å bli kvitt alle som visste om krigarhæren. Han arresterte alle desse bøndene og også ein del av dei som hadde vore med å bygd krigarane, for så å begrave dei levande. Det er funne mange skjelett etter denne hendinga. 



Til saman er det om lag 8000 krigarar, og det skal ha vore over 700.000 arbeidarar som har laga dei. Mange av arbeidarane døydde under arbeidet. Alle krigarane er rundt 1,70 meter høge, sidan dette var høgda på dei fleste krigarane på denne tida, og alle ansikta til krigarane er blitt laga etter ein mal frå ein ekte krigar.

Krigarane ligg frå fem meter under bakken, så terrakottahæren vart ikkje oppdaga før i 1974 av nokre bønder som skulle lage ein brønn. Alle krigarane var knust i mange delar etter opprøret frå bøndene, men etter mykje restaureringsarbeid er mange av dei bygd opp igjen. Ein kan sjå at nokre manglar hovudet, ein arm eller andre kroppsdelar.



Opprinneleg var krigarane målte i ulike fargar, men fargane forsvinn når skulpturen kjem i kontakt med oksygen, så det er framleis eit spørsmål om korleis ein skal klare å beskytte fargane. Til no er kun om lag 2000 krigarar gravd fram, så det er framleis mykje arbeid.

Dette var utruleg interessant å få sjå! Anbefalast!



5 Kommentarer






Xian og Yangshuo

Måndag ankom me Xian med toget frå Beijing. Mykje betre standard på toga her enn i India, så det var bra!

Kristine og Marie på toppen, Anne og Martine i midten. Og oss to nederst som trudde me sat for langt nede til å komme med på bilete.

Xian er ein by med om lag 6,6 millionar innbyggjarar, så det var jo ein mykje mindre by i forhold til Beijing med nesten 20 millionar.

Me var på bymuren som gjekk rundt den gamle delen av byen. På innsida av muren var det ikkje lov å byggje store høgblokker, så det var litt spesielt å sjå forskjellane innanfor og utanfor bymuren.

Oppe på bymuren. Mange fine hus og lamper her.

Legg merke til dei kinesiske husa oppe på høgblokkene, stilig!

Veldig mykje forureining! Slik er ser himmelen stort sett alltid ut når det er sol. Blå himmel for kinesarane er absolutt ikkje slik som det er for oss, så dette er ganske spesielt å sjå.
 



På kvelden var me på eit fontene- og lysshow, som visst nok skulle vere den nest beste framvisninga i heile Kina. Det va kjekt dei første fem minuttane, men det varte i ein halv time, så me reiste litt før det var slutt. Men eit spektakulert show!





Likevel, det mest spesielle me gjorde her i Xian var absolutt Terracotta Warriors! Utruleg spennande og interessant å sjå, så de skal få eit heilt innlegg om desse.



I går tok me fly til Yangshuo. Dette er ein liten og koseleg by med ikkje meir enn 310 000 innbyggjarar. (Trur synet vårt på stor og liten by har forandra seg ganske mykje i løpet av denne turen.) Det er utruleg fint her!







Heile byen er omringa av høge, runde fjell. Nesten slik at me forstår korleis kinesarane opplever det når dei ser fjella våre. I dag har me vore på ein kjempefin sykkeltur. Me reiste i nitida i dagtidleg, og sykla på nokre grusomt humpete vegar! Fekk sjå mykje fin natur. Me gjekk også opp til ein liten, men utruleg bratt, fjelltopp. På toppen var fjellet forma som ein halvsirkel over oss. Skikkeleg stilig! Fjella her er også heilt tomme inni (ja, spesielt), så det er veldig mykje grotter og holer her.




Me fekk lunsj heime av den lokale guiden vår. Ein kjempeliten søt mann og veldig god mat!



Det er forresten blitt heilt naturleg å ete med spisepinnar no, så me er klare til å reise på Kinarestauranten når me kjem heim!

I morgon reiser me med nattog til Hong Kong. Der er alt tollfritt, så det er veldig billig her i forhold til alle andre stader. Det kan me like!

God natt, folkens! Blir ikkje lenge til me oppdaterar igjen, så følg med.



7 Kommentarer






Kinabilder

Endeleg brukande internett, så her kjem bileta som eigentleg skulle vore i forrige innlegg. Fleire gonger har me spurt resepsjonen på hotella våre etter internett, men dei har svart at dei ikkje har. Etter kvart har me funne ut at dei antakleg vis ikkje forstår kva me spør om, for dei har internett! Kan ikkje skryte av at dei er flinke i engelsk akkurat... Ein del kinesiske skuleelevar, blir til og med stolte over å få dårlege karakterar i engelsk, fordi dei meiner det er upatriotisk mot landet sitt å kunne eit anna språk. Frustrerande for turistar! Så me skal vere veldig glade for at me reiser ilag med ein guide.

Her får me smake typisk kinesisk mat. Mange ulike smårettar som du forsyner deg med. Det er framleis ganske vanskeleg å ete med spisepinnar, men me reknar med å bli flinkare etter kvart!

DEN KINESISKE MUR! Dette er kun ein liten del av muren, legg merke til at den går midt oppe på dei spisse fjella!

UTRULEG bratt til tider! Me måtte nesten klatre nokre plassar. Trappetrinna var også veldig spesielle, nokre var høge og lange, medan andre var bittesmå!


Ein liten energipause på toppen av muren. Kjempegode bananer og jordbær her forresten!

Heile gjengen samla utanfor Den Forbudte By. Guiden vår, Michael, er typisk kinesar når det gjeld posering. 

Me er ikkje sure, det var berre så veldig veldig kaldt!
Dette er inne i Den Forbudte By, ein fin, liten by med mange dekorasjonar og fargar. Det var keisarfamilien som budde her, vanlege folk hadde ikkje adgang.

Og eit morsomt bilete på slutten: Typisk kinesiske turistar i matchande capsar!



3 Kommentarer






Kalde Kina

PS: Internett er så dårleg at me ikkje fekk laste opp nokre bilete. Kjem seinare!

I Kina er siste land me reiser med G Adventures, så her kjem reiseruta vår.



10.02-12.02: Beijing: Den Kinesiske Mur, Temple of Heaven, Tiananmen Square, Den Forbudte By
13.02-14.02: Xi?an: Terracotta Warriors
15.02-17.02: Yang Shuo: Sykkeltur gjennom fjellsidene av Yangshuo Moon mountain
18.02-19.02: Hong Kong

Onsdag klokka halv 1 reiste me frå hotellet vårt i Goa, og etter 26 timar på reise ankom me endeleg Beijing. Me var temmeleg slitne, men me hadde avtalt å møte Elin, ho me var på safari med, så det var rett i dusjen og ut igjen. Me reiste på ein kaffibar og sat å snakka. Det var veldig koseleg, kjekt å sjå ho igjen!

Fredagskveld møtte me gruppa vår, 12 nordmenn og ein brite! Me har allereie vore på den kinesiske mur, Temple of Heaven, Tiananmen Square og Den Forbudte By. Den kinesiske mur var veldig spennande! Kjekt å ha vore der.

Elles er det VELDIG kaldt i Beijing! Minus 6 grader i går, så me har kjøpt oss litt varme klede. I tillegg er det få som forstår engelsk her, så når me skal forklare noko blir det mykje peiking og veiving med armane, haha.
No i kveld skal me ta nattog til Xi?an, håpar toget er hakket betre enn i India. Bloggast!



5 Kommentarer






hjerte kjøttkaker





0 Kommentarer






Spicy India

Me har laga eit lite innlegg med litt bilete frå dagleglivet i India. Tenkjer det kan vere interessant for alle dei som ikkje har vore her.
 



Kamelar, esel, kyr og hundar i gatene er ikkje noko uvanleg.



Her lagar dei blomsterkransar til å leggje rundt statuane av gudane sine.

Trafikken... Treng vel ikkje kommentere noko?










Over og under: Massebryllaup som me møtte på. Rundt 15 par skulle gifte seg, og alle hadde NUMMER på seg slik at dei skulle vite kva brur som skulle gifte seg med kva brudgom.







Utruleg at straumnettet fungerar!



Over og under: Her vaskar dei klede i ein innsjø. Såg ut som om det tok veldig lang tid!











Kyr på spasertur på stranda!


I morgon dreg me til Beijing! Hugs at Facebook ikkje virkar i Kina, så de får ta turen innom bloggen og sjå om me har oppdatert. Ha det så lenge! 



6 Kommentarer






Må man, så må man...

Heihei!

No er me i Goa og nyt livet! Me har berre tre dagar igjen i India, noko som er både godt og vondt. Me har det kjempefint her, og likar oss svært godt, men magane våre seier noko anna. Så no er det på tide å komme seg vidare! Sidan sist gong har me vore i Ranakpur og Mumbai, så her kjem ein liten oppdatering.

Ranakpur

Sidan Ranakpur ligg litt høgt over havet, så vart me fortalde at det kom til å vere kaldare her oppe. Men dette stemde ikkje, sola steikte og for første gong i India, kunne me faktisk sole oss litt. Det var ikkje så mykje å gjere på i Ranakpur sidan me var på ein resort midt uti huttaheita. Nokre av oss reiste å besøkte Jain tempelet, men me fann ut at me hadde sett nok tempel for ei stund.
Om kvelden sat heile gjengen rundt  eit bål og snakka og drakk litt. Me norske var dei kjedelege som haldt oss vekke frå alkoholen og gjekk tidleg til sengs. Men me hadde det veldig kjekt fordiom! 

Nesten heile gjengen samla rundt båla. Veldig koseleg!


Dagfrid og Marte.

Onsdag tok me nattog til Mumbai. Absolutt ein annan standard her enn på toga heime! Heile toget var opent, så det gjekk absolutt ikkje an å få noko privatliv, det var tre senger i høgda, veldig trangt og det var heile 78 senger i kvar vogn! Vognene var ikkje særleg store heller. Toget varte i 13 timar, og det var sjølvsagt akkurat då at Evelinn skulle få problem med magen. Utan å gå inn på detaljar, så kan ho seie at det er LITE kjekt å ha diaré på eit tog med ståande toalett! Må man, så må man...

Mumbai

Det første som slo oss då me kom til Mumbai, var luftfuktigheiten. Er glade for at det ikkje er slik i Noreg!
Me var berre ei natt i hovudstaden, så fekk ikkje sjå så veldig mykje av byen, men kort oppsummert var det Gateway of India, bygningar som vart angripe av terroristar i 2008 og slumområda.

Gateway of India. Monumentet vart bygd for å minnast besøket til Kong Georg V og dronning Mary av Storbritannia.

I slummen var det utruleg mykje boss, skittent og dårleg stand, men likevel har dei eit heilt eige samfunn der, du finn det meste frå små butikkar til advokatar. Veldig interessant! 

Vaskeri i slummen. Her kunne til og med vanlege hotell levere klede og få dei tilbake reine.


Skule. Borna har til og med uniform!




Evelinn sleit med magen, og haldt seg heime. Hadde også feber og hoveverk, så dette var ikkje noko kjekk dag for ho! Lenge sidan ho hadde vore så sjuk.

Goa

Det første som skjer når me er klare til å reise til Goa, er at også Dagfrid får problem med magen og blir sjuk. Det vart ein slitsom tur for begge to, så det var veldig godt å komme til ein stad der me skulle vere over litt lengre tid. Første dagen haldt me oss på hotellet, og sprang på do i eitt sett. Til vårt forsvar så er dorullane her veldig små, men skal likevel seie det var litt flaut å komme i resepsjonen etter at me hadde spurt etter den 6. dorullen. Må man, så må man...

Dei siste dagane har magane våre vore litt betre, så me har i alle fall kome oss på stranda. Utruleg godt me varme! Fredag og laurdag åt me ute med gruppa vår, sidan dette var dei siste dagane ilag med dei. To veldig koselege kveldar! 









No har me sjekka inn på Casa Severina, og sjølv om me ikkje er 100% friske endå, så skal me ikkje klage. Her er det luksus! Det første som skjedde då me skulle sjekke inn på hotellet, var at me fekk blaute, parfymerte handukar til å vaske hendene våre med, og deretter kom ein servitør med kvar vår drink på eit fat. Me har ei kjempesvær seng med fire store, mjuke puter, utruleg god frukost, badebasseng og gratis syklar!


PS: Me har ganske fint vêr!

I går sykla me til stranda, ein fin, liten tur. Evelinn fekk også massasje, noko som var kjempegodt! No ligg me ved bassenget til hotellet, godt å komme seg litt vekk frå sand og masete seljarar. Me kosar oss veldig mykje og nyt dei siste dagane i sola. På onsdag dreg me til Kina og kulde! Brrr...



8 Kommentarer






Frå Delhi til Udaipur

No har me vore på reise i India i sju dagar, og me har allereie opplevd veldig mykje! Me har vore i Agra, Jaipur, Pushkar og Udaipur, kan fortelje litt om kvar plass, og kva me har haldt på med.

Agra

Søndag kom me til Agra, her var me berre ei natt, men me fekk med oss det viktigaste: Taj Mahal! For dei som ikkje heilt veit kva dette er (Åsa?), så er det ein gravplass for favorittkona til han som bygde palasset. Interessant å sjå!


Me besøkte også Agra Fort, men dette var ikkje nokon stor slager. Det var eit storslagent bygg, men guiden vår gjorde alt veldig kjedeleg.

Inne på Agra Fort.

Jaipur

Første kvelden hadde me ein orienteringstur rundt omkring i den rosa byen i Jaipur. Denne gamle delen av byen har fått dette tilnamnet på grunn av at alle bygningane var rosafarga.

Evelinn var ikkje heilt i form, så ho var heime på hotellet og skypa. Kjekt det òg!
Tysdag reiste me på Agra Fort, eit flott gammalt fort som låg oppe i fjellsida. Me hadde ein effektiv guidetur, akkurat passe lang med andre ord, og guiden vår hadde jobba der i heile 53 år!



Inne på Amber Fort. Veldig stort, og masse skjulte gangar.

Etter omvisninga var me på ein fabrikk som lagde tepper, skjerf, skjørt, sarong og så vidare, faktisk veldig interessant! Deretter reiste me to og Kelly (ei frå England) på handling på marknaden i byen. Me kjøpte oss indiabukser!
På kvelden var me på Bollywood-kino, ?Don?, kjekt å sjå ein slik film, men den varte i 2,5 timar så Evelinn sovna, haha.
Tysdagen var med andre ord ein veldig effektiv dag.

Pushkar

Pushkar er ein liten, men svært religiøs hindusk by. Innbyggjarane er opptekne av at turistar og reisande skal respektere religionen deira, og me vart derfor oppmoda om å vere med på eit frelseritual, slik at me ikkje skulle bli ?plaga? av folket i byen. Først måtte me vaske hendene våre i vatn frå den heilage innsjøen. I denne sjøen spreier dei oska til dei døde, og det er også her Mahatma Gandhi si oske vart spreidd. Deretter måtte me sei nokre ord, og kaste blomster, heilag ris, heilag sukker, raud farge og gul farge ut i sjøen. Alle desse elementa har ulike eigenskapar slik at all dårleg karma forsvann, og me fekk velsigning for familien vår. Me fekk ein raud hinduprikk i panna og eit raudt og gult band rundt armen, som viste at me hadde gått gjennom ritualet.





Dette var ei veldig interessant oppleving! Kjekt å få eit innblikk i andre kulturar.

Torsdag var ikkje Dagfrid heilt i form, så ho haldt seg heime på føremiddagen. Det er svært mange på turen som har hatt problem med magen, så ho er ikkje den einaste. Evelinn reiste på ein liten fjelltur opp til eit tempel. Kjekt å gjere noko litt anna enn å berre gå i gater, og på toppen var det ei veldig fin utsikt over byen!


Fjellet med tempelet på toppen.

I halv firetida reiste me på kamelriding, Dagfrid var i betre form, så ho var også med. Turen varte i 2 timar, så det vart litt langdryge, men likevel ei fin oppleving, og me fekk sjå solnedgangen frå kamelryggen. 





Udaipur

Etter 7-8 timar i buss, kom me fram til Udaipur, kor me er no. Me har hatt ein orienteringstur, der me blant anna fekk ein instruksjon om måling på ulike materiale, sidan Udaipur er kjent for dette. Me fekk også eit bittelite måleri på nagla vår, Dagfrid fekk ein elefant, medan Evelinn fekk Taj Mahal. Svært imponerande!





Me såg ein seremoni frå eit tempel, og var på ei oppvisning av indisk dans og musikk. I dag har me sjølv valgt kva me vil gjere, så me og Marte har hatt ein roleg dag. Me har handla litt og våre på kafé to gongar. No snart skal me ta ei taubane opp på ein liten fjelltopp, slik at me kan sjå solnedgangen der ifrå.

Gruppa vår består av ungdom mellom 19 og 29 år, koselege folk!

Bak frå venstre: Dagfrid, Amalie, Rikke, Mark, Lee, Kelly, Claire, Katherine, Kate, Katherine, Evelinn, Stine og Marte.
Framme: Lauren, Jodie og Ruby (guiden vår) 



11 Kommentarer






Briefing om India

Heihei!
No har me møtt gruppa me skal reise med i India. Me er til saman 15 stykkjer, fire frå Noreg, to frå Danmark og resten frå England. Kun to gutar. Det er litt vanskeleg å forstå kva britane seier for dei snakkar så himla fort, men me lærer vel av det etter kvart.

Dei to norske, Stine og Marte, hadde også hatt nokre av dei same inntrykka som oss dei første dagane i India, så trur dei fleste er glade for at me skal reise med ei gruppe no. I kveld har me vore ute og ete på restaurant med heile gjengen, så det var koseleg. Blir kjekt å bli betre kjent med folk, virkar som ei hyggeleg gruppe!

Etter forespørsel frå mamma Astrid og Tommy, viser me reiseruta vår her i India. Me reiser i morgontidleg og turen tek i alt 14 dagar.

Me legg med litt fleire detaljar for dei ekstra interesserte.

Dato, stad, kva me skal gjere/sjå

22.01: Agra: Taj Mahal, Agra Fort
23.01-24.01: Jaipur: Amber Fort Palace, elefantriding, Hawa Mahal, Sanganer
25.01-26.01: Pushkar: Brahma tempel, kameltur i solnedgang, klatre til Savitri tempel i soloppgang
27.01-29.01: Udaipur: Jagdish tempel, City Palace
30.01-31.01: Ranakpur: Gateway of India
01.02: Mumbai: ?
02.02-04.02: Goa: Krydderplantasje, Panaji, kyrkjer i Old Goa, slappe av på stranda

Her har me teke med litt av det me skal/kan gjere. Mykje er valfritt, så du bestemmer stort sett sjølv kva du er interessert i, og kva du har lyst til å besøke. Turen vår sluttar 4. februar, men me skal vere i Goa fram til 8. Ja til strandferie og late dagar! 

PS: Me ligg 4,5 timar foran Noreg, dersom nokon lurer.



9 Kommentarer






Kultursjokk i India

Natt til torsdag ankom me New Delhi. Alt hadde gått knirkefritt med fly, flybyte og henting på flyplassen, så dette lovde godt. Men i det taxisjåføren fortalde oss at me var framkomne til hotellet, vart me med ein gong litt meir skeptiske. Hotellet låg i eit ymse område, skittent og ekkelt, og det var laushundar over alt. Me var ikkje særleg optimistiske. Lite hjalp det då me fekk sjå badet vårt. Dusjen var midt i rommet, medan doen var bak dusjforhenget. Logisk?

Dusjen er oppe i høgre hjørnet foran forhenget. Halve dorullar i glaskarmen (alle er slik), og dritfint dusjforheng!

Første dag i India var grusom! Me reiste for å sjå eit marked, men det kan ikkje kallast eit marked. Det var ein bod her og der, og omtrent alle solgte det same. Bilar tuta heile tiden (det gjer dei konstant), og det vrimla av folk overalt, ingen ville ein gong hjelpe oss til å finne eit supermarked. Me stod villeda på gata og såg oppgitt rundt oss. Til slutt fann me ut at me reiste heim. Begge haldt på å tråkke på babyar som låg på gata. Det er utruleg mange uteliggarar her! I tillegg har me gått forbi fleire som står og pissar i ein grøftekant. Heilt vanleg...
Me reiste heim og sov resten av dagen (frå kl 17-21 + 23-11), lite å gjere med andre ord.

I dag har ting gått litt bedre. Me har funne ut at gata vår antakleg er heilt vanleg, sidan det er slik overalt. Og ved hjelp av ein snill gut, fann me fram til eit shoppingsenter. Det vart eit par innkjøp, veldig billig her, hurra!


Dagfrid: Kjole + tights.
Evelinn: Bukse frå Levis (ca 300,-) + tights.

Me bør halde oss vekke frå all mat som er tilbereda ute, og det er omtrent berre det dei har her. Difor er det veldig vanskeleg å finne mat som me faktisk kan ete. Dei to siste dagane har me ete 2 posar med nudlar og ein lasagne kvar, pluss litt chips, kjeks og sjokolade. Håpar det blir betre etter kvart!

PS: Først trudde me det var overskya, men me har funne ut at det er forureiningen som ligg over byen!
PS2: Me skal reise med ei gruppe gjennom India, og denne gruppa skal me møte i morgon. Gledar oss!



4 Kommentarer






Siste frå Kenya

Søndag, då me kom igjen frå safarien, hadde me ein avslutning med gruppa vår. Me åt middag på hotellrestauranten, og tok ein drink. (Me drakk øl!) Det var ein koseleg kveld, kjekt å få sei ha det til alle!



Elles dei siste dagane, har me tatt det heilt med ro. (Slebba ved bassenget.) Me er allereie blitt litt brune, så dette lovar godt!

Måndag leverte me alle kleda våre til vask på hotellet, sidan me ikkje fekk dei igjen før tysdagskveld, måtte me gå i den same kjolen i 2,5 dag. Me vart positivt overraska då me kom inn på rommet vårt, og kleda hang mjuke og nystrokne på kleshengarar. Luksus!

PS: No er me komne til India, kultursjokk! Oppdaterar snart.



2 Kommentarer






å reise





1 Kommentarer






Safari

No har me vore ei veke på safari med GapAdventures. Me reiste med ei gruppe på åtte damer, inkludert oss. Alderen var frå 19 til 65, så det var stort spenn, men me koste oss kjempemasse! Me var på tre ulike campar, Samburu, Lake Nakuru og Masai Mara.

Samburu

Måndag reiste me til Samburu, på vegen besøkte me nomadefolket der, desse budde i hus av kvistar, kyrebæsj og boss. Dei hadde danseopptreden for oss, som me også fekk vere med på.





Me fekk sjå og høyre litt om dagleglivet deira, som skule, lage ild og familieforhold. Foreldra bestemte kven sonen skulle gifte seg med, dersom han ynskja seg ei ekstra kone, skulle den første kona vere med å bestemme nr 2. 



Kjempesøt jente i Samburu, ho var foreldrelaus, men vart teken vare på av onkelen.

I campen budde me i små telt, me hadde verken vatn eller straum, og doen var eit hol i golvet. Men me koste oss! Omtrent det første som skjedde var at nokre elefantar holdt på å angripe campen vår. Alle måtte springe inn i bilen for å vere trygge. Unntatt Evelinn og Dagfrid, me var inne i teltet, og rakk ikkje å komme oss ut. Dagfrid var kjemperedd, men alt gjekk fint.

På safari såg me kjempemasse elefantar, sjiraff, impala, gasell, struts, vortesvin, dik-dik, gepard, krokodille, baboon og blåballe (ulike apekattar, den eine hadde knallblå ballar), diverse fuglar og ei løvinne som var kjempenær. Me var i same bil som Elin (19) og Anja (24), to søstrer frå Oslo.






Lake Nakuru

Onsdag drog me Lake Nakuru, på vegen stoppa me midt på ekvator, megakult!

I campen var standaren hakket betre enn førre, med vanlege toalett og større telt. På denne safarien fekk me fullført The Big 5, elefant, nashorn, bøffel, løve og leopard. Leoparden låg oppe i eit tre og sov.

Me hadde med oss ei banan i bilen, denne vart veldig morsom når me såg apekattar. Elin viste banana frå bilen (litt for mange gonger, haha), og plutseleg hoppa det ein ape inn i bilen vår og stjal banana. Den hadde i tillegg ein babyape på magen. Kjempemorsomt!



I ettertid terga Richard, sjåføren vår, oss med å lokke apekattar med ei appelsin, slik at me skulle bli redde.

På kvelden hadde me ?disko? i mathuset med hovudlyktene våre, kreativt!

Masai Mara

Fredag ankom me endeleg Masai Mara etter at me hadde avslutta køyreturen med 2,5 timar med sjukt humpete veg. Skal ikkje skryte over vegforholda her, dei asfalterer litt her og der, og dei plassane det er ekstra mykje humpar, køyrer me anten på feil side eller utanfor vegen...

Campen i Masai Mara var luksus i forhold til den første, her fekk me digre telt med kvar vår seng og golvteppe! Dusjane var varme, men det var framleis ikkje toalettpapir på toaletta. Det første me fekk oppleve på safarien var ein gepard på heilt nært hald, den brydde seg verken om bilar eller menneske. Me venta i 1,5 time på at den skulle angripe ein gasell, (noko som den aldri gjorde), i mellomtida vart veldig kjedeleg å vente, så kledde oss ut som ?muslimar?.

Me fekk og sjå gnu, flodhest (lite fotogen, gøymte seg under vatn), hyene, sebra og masse løver!

Heilt på slutten av dagen såg me fem løver som åt på eit vortesvin dei nettopp hadde drepe.



Ei hyene prøvde å stele mat, men dette likte ikkje løvene, dei jaga hyena av garde. Hyena lo akkurat
på same måte som i Løvenes Konge! Dritkult, me har det på film!


Alt i alt har me sett 1 leopard, 9 gepard og 19 løver. (Dette er liksom dei vanskelegaste dyra å få sjå.) Siste kvelden på safarien vart avslutta med champagne. Me har heile tida fått kjempegod mat, sidan me hadde Francis som personleg kokk. Me fekk varm mat til alle måltid, og han laga verdas beste suppe!


Frå venstre: Marian, Elin, Evelinn, Dagfrid, Anja, Maria, Julia og Maureen.

Gruppa vår har vore heilt super, Marian frå Canada, må vere den mest morosame eldre dama me har møtt, for nokre kommentarar! Me har blitt gode venner med Elin og Anja, og mest truleg skal me møte Elin i Beijing, sidan me er der samtidig.

Ein fantastisk tur!



13 Kommentarer






Jambo!

Etter 14 timar på reise kom me trygt fram på hotell Boulevard i Nairobi. Fyren som skulle plukke oss opp på flyplassen, dukka aldri opp (deja vu frå interrail), men me fekk hjelp av hyggelige folk. Taxisjåføren lærte oss litt swahili, jambo betyr forresten hei. Hotellet vårt er fint, men rommet er ekstremt varmt og frukosten var stusseleg med tørt brød og varm mjølk. (Dagfrid ?Frukosten va rævva!?)

I dag gjorde me eit forsøk på å få sjå litt av byen. Me hadde ein rask guidetur med ein taxisjåfør frå hotellet, men me såg ikkje så mykje interessant. Det mest spennande var eit par afrikanarar som låg i skyggen av nokre tre og sov.





 

Etterpå for me på marknad, noko som må vere den verste avgjersla me har gjort så langt. Afrikanske menn hang over oss før me ein gong hadde gått inn. 5-6 personar gjekk ilag med oss heile tida, viste oss rundt, ville bestemme kvar me skulle gå og kva me skulle sjå på. Det var grusomt. I tillegg gjorde varmen alt tusen gonger verre.
Evelinn kjøpte ein ring og Dagfrid eit smykke i såkalla ekte gull, før me fekk reise der ifrå. Følte oss litt lurte...





Når me snakkar om lurt, det skjedde fleire gonger i dag. Men den hendinga er såpass flau, at me ynskjer ikkje å kommentere dette nærmare.

Til slutt vil me takke Mamma-Astrid og Tommy for å køyre oss til Oslo, og spandere hotellovernatting på oss på Gardermoen. Tusen takk!






12 Kommentarer






Malarone, diclocil, kohle-compretten...

No er me framme på Gardermoen Airport Hotel, fem minutt frå Gardermoen flyplass. Me trykker i oss gode, heimelaga pizzabollar (Takk, mamma-Mette!) og tablettar. Me er allereie starta på malaria-kuren vår, slik at me skal unngå å bli smitta. Desse skal me ta kvar dag i Kenya og India pluss sju dagar etter opphaldet i India.

I tillegg har me med oss diclocil, koltablettar og ein haug andre både mot luftvegsinfeksjonar og mageproblem. Me bør ikkje få budladrita no for å sei det slik, haha!

Me legg med eit bilde der me posar med tablettane, slik som alle seriøse bloggarar gjer. Teke med sjølvutløysar sjølsagt!



3 Kommentarer






Tid for avreise

I dag dreg me til Oslo. Det er litt sjukt at me faktisk skal reise no. Veit ikkje om det heilt har gått opp for oss endå. Flyet til Nairobi går i morgon klokka halv 8, så me må tidleg opp for å sjekke inn. Flybillettane me har fått er ganske spesielle, så det spørst om me finn ut av det...

Dei siste dagane har vore både stressande og koselege. På mandag hadde me avskjedsfest for oss sjølve med dei nærmaste vennene våre. Me laga tapas, kylling, karbonadar og litt anna forskjellig. Det var bra gjestene var fornøyde med maten, sidan me hadde styrt med den frå 11 til 7! Me hadde ein svært koseleg kveld, men da var litt trist å sei hadet til alle. Elles har det vore litt stress med pakkinga, veldig mykje som skal vere med! Sekkane våre er 15,2 og 16,0 kg no, så det får vere ok.





Me reiser omkring halv 5. Forhåpentlegvis har me hugsa alt det viktigaste, sidan det er i seinaste laget å fikse noko nytt. Men har me med pass, visakort og billettar, så me trur me skal klare oss! I verste fall er det ikkje verre enn å kjøpe det me har gløymt.

Me gledar oss masse, sjølv om det er mange sommarfuglar i magen akkurat no.
Håpar de føl oss på bloggen, og kommenter mykje! Hadet Sogndal og Norge, snakkast til våren!
 



4 Kommentarer






hits